Sniff sniff - hva lukter egentlig sideren?

Lukt

– etter aroma, frukt og ulukt

Lukt set i gang masse tankeprosessar og gir assosiasjonar. Om du slit litt med å sette ord på kva du faktisk luktar, er det berre øving som skal til. Ein god start er å stikke nasen i krydderglasa på kjøkkenet. Korleis luktar krydderet i si reine form? Stikk også nasen nedi friske urter, blomar, grønsaker og frukt. Etter kvart vil du få eit mykje større luktvokabular til å sette ord på kva du luktar.

Når du skal lukte på sider, held du glaset på skrå, stikk nasen godt nedi og trekker godt inn. Snurr gjerne sideren rundt i glaset for å få fram all den flotte duftaromaen før du luktar. Om det er vanskeleg å få fram ei klar lukt, er eit lite triks å halde handa over opninga på glaset slik at det blir tett. Deretter gir du glaset eit par små snurr før du løftar det til nasen og tek bort handa. Då har du fått konsentrert lukta i glaset før du luktar.

No kjenner du etter kva som er den første lukta som slår mot deg. Er det eple og frukt, eller er det noko søtt eller varme krydder? Om det er brukt humle i sideren, gir det til dømes ofte ei lukt av hylleblom eller tropisk frukt. Andre epleblandingar gjer at det faktisk kan lukter pære, blomar eller krydder. Natursider kan få streif av umodne eple eller eddik.

Ein ting vi sjølvsagt også er merksam på, er ulukt. Luktar det papp, egg, svovel, babyspy eller kvit eddik i ein sider, kan det tyde på at noko er feil. Nokon natursidrar skal ha eit streif av epleeddik i lukta, men dei andre typane skal ikkje ha det. Heldigvis er ikkje dette vanleg i sidrane frå norske produsentar.

Aroma og smak

Floral

Aroma som minner om blomer.

Hylleblomst, tulipaner, roser, fioler, liljer, kaprifol.

Fruktig

Aroma som minner om frukt og bær.

Grøn frukt

Grønt eple, rødt eple, stikkelsbær, pære og drue.

Sitrusfrukter

Appelsin, grapefrukt, sitron og lime.

Steinfrukter

Fersken, plommer, aprikos, nektarin og plommer.

Tropiske frukter

Banan, kiwi, litchi, mango, melon, pasjonsfrukt og ananas

Røde frukter

Rips, tranebær, bringebær, jordbær og kirsebær.

Svarte frukter

Solbær, bjørnebær, blåbær, moreller og sure kirsebær.

Tørket frukt

Fiken, sviske, rosin, syltetøy, kokt eple eller anna varmebehandla frukt.

Urter og grønsaker

Aroma som minner om grønsaker og urter

Urter

Gras, asparges, solbærblad, mynte, basilikum, eukalyptus, mynte, lavendel, fennikel, dill

Grønnsak

kål, erter, bønner, oliven, paprika, gress, hvit pepper, blader, tomat, potet

Krydder

Aroma som minner om krydder.

Pepper, nellik, kanel, anis, kardemomme, muskat, ingefær, muskatnøtt og allehånde.

Bakst

Autolyse er lukter som kjem frå gjæren og minner om gjær, kjeks, brød, ristet brød og bakverk.

Søtt

Aroma som minner om søtstoffer.

Honning, brunsukker, vanilje og sirup.

Meieriprodukt

Aroma som minner om meieriprodukter.

Smør, ost, krem, yoghurt

Eik, fat og treverk

Aroma som minner om treverk.

vanilje, ristet brød, sedertre, forkullet tre, røyk, harpiksholdig

Kjerne og nøtter

Aroma som minner om kjerner og nøtter.

Mandel, kokosnøtt, hasselnøtt og valnøtt.

​Røsta aroma

Aroma som minner om råvarer som er røstet eller varmebehandlet.

Sjokolade, kaffe, karamel, malt og røyk.

Animalsk

Aroma som minner om animalske produkter eller dyr.

Lær, rått kjøtt, blod, fjøs og stall.

Jordlig

Aroma som minner om jod og skog.

Buljong, sopp, høy, vått løv, skoggulv, vilt, tobakk.

Mineralsk

Aroma som minner om aroma fra mineralriket.

Salt, sjøvann, våt stein.

Previous
Previous

Endelig skal vi smake!

Next
Next

Ny verdensmester og 9 gullmedaljer til Norge!