Endelig skal vi smake!
Smak
– etter syre, søte, bitterheit og frukt
Den mest morosame delen er sjølvsagt å smake på sideren! Du smakar hovudsakleg etter syre, søte, bitterheit og frukt i sider. Start med å ta ein liten sup, ikkje fyll munnen heilt opp. Slurp gjerne litt, og trekk inn litt luft medan du har sideren i munnen, for å få fram mest mogleg smak. Bruk tid på å la sideren flyte rundt i munnhola. Det gjer du ved å bevege sideren rundt i munnen med tunga og kjenne etter korleis smaken utviklar seg.
Smakstonar
Dei tre berebjelkane i god sider er ein balanse av søte, syre og bitterheit. Ofte er ein av smakane dominerande, slik at hovudsmaken er søt, sur eller bitter. I tillegg finst det ein heil haug med andre aromaer. Sider skal sjølvsagt smake eple, men prøv også å tenke på kva type eple den smakar. Grøne, raude eller gule eple? Eller kanskje luktar det eplekart? Somme sidrar har nesten ein salt og mineralsk smak, andre smakar krydder, banan, vanilje eller honning. Atter andre er meir funky og gir assosiasjonar til epleeddik og kombucha. Er det tilsett noko i sideren som kanskje gjer at den smakar av rips og bringebær?
Søtt: Søte er ikkje alltid det same som sukker. Søte kan vere ein sterkt fruktig smak. Om sideren ikkje har nok syre eller bitterheit, blir den også opplevd som meir søt. Mengda restsukker i sideren gir likevel ein indikator på kor mykje søte det er i smaken. Syre og søte balanserer kvarandre, så ein kan ha mykje sukker og mykje syre og framleis få ein balansert smak, slik som i issider. Søte er òg med på å dekke over, eller balansere, bitter eller sterk smak i mat. Sukker bidreg også til å framheve smak og gi ei fullare munnkjensle. Søte i sider kan ha lukt eller smak av honning, fruktsukker, kokt eple, brunt sukker og melasse.
Surt: Utan nok syre vil sideren fort opplevast som tam eller litt flat i smaken. Ein seier gjerne at syre skjer gjennom feitt og sukker i mat og bidreg til eit balansert smaksbilete. Syrlege smakar kan vere sitrus, grøne eple og syrlege bær som rips, eller noko som minner om eddik eller kombucha. Syre balanserer sukker. Skal du ha sider til mat med mykje salt eller feitt, er ein syrleg sider ofte eit godt val.
Bittert: Ofte snakkar ein om tannin når ein snakkar om den bitre smaken i drikke. Bittert er smakane som gjer at ein kjenner seg litt tørr i munnen eller at det snerper seg litt. Prøv å tygge på ein eple- eller druestein, eller kjenn etter på smaken i mørk sjokolade, te, kaffi og grapefrukt.
Munnkjensle
Det er også verdt å legge merke til korleis sideren kjennest ut i munnen. Er den lett og frisk, eller er den litt meir krevjande og tung? Som døme kan du tenke på korleis ulike typar mjølk kjennest ut: Heilmjølk er fyldig, medan skumma mjølk er tynn og lettdrikkeleg. Høgare alkoholprosent kan gi meir fylde, det kan òg høgt sukkerinnhald. Om sideren ikkje er filtrert, vil den òg gi ei fyldigare munnkjensle.
Og korleis kjennest boblene ut? Forsking har vist at bobler faktisk er med på å gjere aromaen meir tilgjengeleg. Somme gonger er det så mykje bobler at det er ubehageleg og det kjennest ut som om det bokstaveleg talt skal boble over i munnen. Det vil vi ikkje ha, vi vil ha akkurat passeleg med bobler.
Ettersmak
Når du er ferdig med å lukte og smake, kan du spytte ut sideren, eller svelge den. No skal du uansett kjenne etter kva slags ettersmak du har i munnen. Forsvann smaken med ein gong du svelgde sideren, eller sat den lenge i munnen? Det er ofte dei bitre smakane som blir sittande lengst i munnen. At smaken forsvinn med ei gong, er som oftast ikkje eit godt teikn. Vi ønsker oss sider som gir så god ettersmak at vi kanskje får lyst på eit glas til.