Sjå sideren dypt inn i augene

Sjå

– på farge, klarheit og bobler

Det vi ser i glaset, fortel ein del om kva

vi skal få oppleve, og kva forventningar

vi kan ha.

Hald opp glaset i augehøgde og sjå på sideren. Hugs at bakgrunnen er viktig for å få sett fargen skikkeleg, så hald sideren over noko kvitt, som ein duk eller eit ark. Hald gjerne glaset på skrå så du får sett skikkeleg godt.

Har sideren ein fin farge? Er fargen lys, nesten grøn, eller gyllen mot ravfarga? Er den klar eller uklar?

Klare, lyse og reine sidrar gir løfte om klare, reine smakar. Uklare eller mørka-re sidrar gjer at du kan vente deg meir komplekse og uvanlege smakar.

Er sideren er rosa eller raud, tyder det på at det er ein smaksett sider som ikkje smakar reint av eple, men kan ha bringebær, rips eller humle i seg.

Next
Next

Hvor kjøper jeg sider?