Hva er klassisk norsk sider?

Internasjonalt ligg klassisk norsk sider i kategorien syrleg sider.

I Noreg blir den kalla klassisk norsk sider fordi det er den vi lagar mest av og har utvikla tradisjon for gjennom generasjonar. Den blir laga av kjente norske eplesortar som vi finn i butikken om hausten. Dei gir ein sider med høg syre, masse frisk aroma og ei tørr avslutning. Det luktar og smakar som eit friskt norsk eple rett frå treet og får meg til å tenke på blomstereng, blå fjord og snødekt fjell.

Om «Morgenstemning» av Grieg byrjar å spele i hovudet når eg smakar på denne typen sider, ja, då er produsenten inne på noko. Ein kan lage klassisk sider på éin eplesort, men det er òg vanleg å blande eple med ulike eigenskapar for å få den fine balansen som kjenneteiknar klassisk sider.

Sider frå Hardanger

Sider frå Hardanger er ei eiga geografisk nemning frå 2009 som berre kan settast på klassisk, norsk sider som er laga på eple dyrka i Hardanger. Dei som oppfyller krava, får merke sideren sin med ei hardangerrose. Den regionale merkinga følger dei same prinsippa som gjeld for dei geografiske nemningane champagne og parmesan. Det betyr at ein kan stole på at vara følger strenge reglar, og at ein veit kva ein kan vente seg. Sider frå Hardanger kan ikkje vere tilsett noko anna enn eple, gjær og litt sukker, slik som tradisjonen i Hardanger alltid har vore.

Reglane er strenge, men på same tid romslege, då både alkoholprosent, farge, lukt og smak kan vere ganske så ulike. Det gjer at det er god variasjon også innan denne kategorien

Kjenneteikn

Lukt: Duftar friskt av eple, men kan òg ha tonar av sitrus, blomar, kjeks og anna frukt.

Utsjånad: Klar, lys gul til gyllen.

Smak: Syrleg, søt og balansert, tørr eller halvtørr og med frisk eplesmak. Ofte fin balanse av fylde, søte og ein elegant bittersmak i avslutninga.

Passar til: Sjømat, kylling, salatar, faste kvite ostar, spekemat, pinnekjøtt og som aperitiff.

Alkoholinnhald: 6–9 prosent

Previous
Previous

Hvor kjøper jeg sider?